Kilde: Voss herad
Brannvern og frivillige frå heile regionen var samla under Rein Hardangerfjord-aksjonen 17. september for å rydda opp på nordsida av Simadalsfjorden.
Lokasjonen har vore ein kjend stad for opphoping av bos som hamnar i Hardangerfjorden i fleire år.

– Me har funne veldig mykje isopor, tau og anna utstyr frå diverse industri. I tillegg har det dukka opp mykje sprengingsavfall knytt til vegarbeid, og små biofilter som vert nytta i ulike reinseanlegg både på land og til sjøs. Det fortel Aria Lien, som saman med Atle Holven frå Voss brannvern har vore med på ryddeaksjonen.
Voss brannvern deltok som del av øvinga til IUA Bergen region KO (interkommunalt samarbeid mot akutt forureining) som omfattar 20 kommunar i Vestland fylke. Brannvern frå heile regionen deltok under leiing av Sondre Eide frå Kvam brann og redning. Dei tok utgangspunkt i ein tenkt situasjon der ein lekter har gått på grunn ved øya Sild i Kvinnherad. I den tenkte situasjonen frakta lekteren plast og isopor, og grunnstøytinga førte til utslepp av mellom 150 og 500 m³ laus plast og isopor til sjø.

– Når akutt forureining skjer langs kysten, har ein ofte litt tid på seg før det treff strendene. Det er då utruleg viktig å få rydda vekk avfall som til dømes olje hefter seg ved og som gjer oppryddingsarbeidet i ettertid veldig komplisert. Så dette er ei viktig øving på ein potensiell heilt reell situasjon, fortel Alf Halsen frå Bergen brannvesen, som ivaretek administrasjon og dagleg leiing av IUA Bergen region KO.
I tillegg til ressursar frå brannvernet, deltok 27 frivillige frå beredskapsgruppa Ren kyst som er kursa i opprydding etter akutt forureining og er underlagt Norsk Oljevernforening for Operatørselskap (NOFO), som ivaretek oljevernberedskapen på vegner av selskapa som opererer på norsk sokkel. Dei har ansvar for å rykkja ut når faktiske uhell oppstår og disponerer om lag 500 frivillige som skal kunna mobiliserast dersom oljeutslepp skjer.
Det er fyrste gongen IUA Bergen region KO er med på Rein Hardangerfjord, som vert arrangert av Framtidshavet. Alf Halsen frå Bergen brannvesen opplever deltakinga som positiv:
– Me får øvd på samordning og leiing av aksjonar, noko som er viktig å øva på slik at me er godt budde når alvorlege hendingar skjer, sier Halsen.

Aria Lien frå Voss brannvern har vore med på ryddeaksjonar før, men han er overraska over kor store mengder bos som hopar seg opp i sjøen.
– Det kjennest viktig å få vera med og bidra til å rydda fjorden rein for alt dette boset som ikkje heime der, seier han.
Hardanger produksjonsskule stilte med 19 personar som har plukka i heile dag.
– Mottoet vårt er at me ikkje berre kan gå rundt og snakka om det, me må faktisk gjera noko med det. Og det fekk me gjort i dag. Dette er ny rekord i bosplukking i sjø for vår del, fortel lærar ved produksjonsskulen, Per Morten Tjoflot Ådland.
Klima- og miljørådgjevar i Voss herad, Lina Hamre, er oppteken av tiltaka som må gjerast for å hindra at avfallet kjem i sjøen.
– Når så mykje skytestreng og plastfilter dukkar opp i dag, må ein jo spørja seg kvifor det har hamna i sjøen i utgangspunktet. Me må forhindra at denne forureininga i det heile tatt skjer. Livet for organismane i Hardangerfjorden er allereie under stort press og det siste dei treng er meir plast.




