Kilde: Vestland Fylkeskommune / Anbjørn Holme
Over 200 deltakarar deltok denne veka på nylanseringa av Grøn Region Vestland.Dette markerte at Grøn region Vestland no er merkelappen for Vestland fylkeskommune sin samordna innsats for berekraftig omstilling av næringslivet.
– Fylkestinget har fornya den grøne satsinga og peika retning, men vi må alle halde tempoet oppe. Slik heng vi ikkje berre med i den berekraftige omstillinga, men har leiartrøya på. Vi har i fellesskap kome der vi er, no skal vi saman ta oss alle vidare, sa fylkesordførar Jon Askeland i sitt opningsinnlegg.
Store klimautfordringar
Til arrangementet på Høgskulen i Vestland (HVL) på Kronstad hadde fylkeskommunen invitert alle som jobbar for eit framtidsretta næringsliv i Vestland. Her møttest representantar frå næringsliv, industri, politikk, forsking, utdanning og det offentlege.
Fylkesordføraren trekte trådane tilbake til oppstarten i 2019 då grunnlaget for Grøn region Vestland vart lagt.
– Då vi for sju år sidan gjekk inn i dette, var klimasaka på topp. No er vi på ein annan plass, men klimautfordringane har aldri vore større. At nokon går inn i dette med både hovudet og hjarta, har aldri vore viktigare enn no, slo Askeland fast.

Samarbeid
Ei viktig føresetnad for å lukkast med berekraftige omstilling er at næring, industri, forsking, investorar og det offentlege samarbeider mot felles mål.
Grøn region Vestland starta som eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg i 2019. Frå no av er det desse initiativa, saman med Innovasjon Noreg, som er drivarane i Grøn region Vestland:
- Klimapartnarar Vestland.
- Dei sirkulære hubbane
- Invest in Vestland
- Styrka Marin Innsats
- One Ocean Havbyen Bergen
I alle desse initiativa har Vestland fylkeskommune ei sentral rolle. Saman skal dei mobilisere næringslivet, kople kompetanse og kapital, og leggje til rette for nye berekraftige verdikjeder, investeringar og arbeidsplassar i Vestland. Dei sirkulære hubbane skal framleis vere motoren og ha ei koordinerande rolle i arbeidet.

Sirkulær utvikling
Tor Martin Misund er prosjektleiar for Grøn region Vestland. Han er nøgd med at dei gjennom samlinga fekk vi vise fram heile Grøn region Vestland-apparatet, og løfte fram nokre av verktøya vi har for sirkulær næringsutvikling.
– Grøn region Vestland har blitt endå større. Vi har samla fleire initiativ innanfor namnet vårt, sånn at vi er endå fleire som jobbar tettare for å auke konkurransekrafta til næringslivet vårt gjennom grøne grep, både nasjonalt og internasjonalt.
Alle har ei viktig rolle
På spørsmål om kva som var høgdepunkta, trekkjer Misund fram den «grøne tråden» gjennom dagen.
– Vi var til stades på HVL med yrande studentliv rundt oss, og fekk høyre om korleis kunnskapsinstitusjonane jobbar tett med næringslivet for å bygge opp utdanninga industrien vil trenge i framtida. Vi høyrde Vestlandsforsking om kva som må til for at den grøne omstillinga skal bli rettferdig og inkluderande, og NHH viste at det er steikje bra business i sirkulær økonomi. Når vi så fekk høyre frå ulike næringar, kapital og forvaltning, blei det tydeleg at vi alle har ei viktig rolle i tida framover.
Kva skjer no?
I den kommande perioden vil Grøn region Vestland sette spesielt fokus på tre tema; fangst og lagring av karbon, organiske råvarer, og overskotsenergi. Dette er viktige fagområde, som dei sirkulære hubbaneønskjer å samarbeide om. Det er planlagt temasamling for hubbane til våren 2027.
– No skal vi halde fram med å lære av kvarandre og nettverka våre. Saman skal vi finne gode løysingar, og dokumentere det som verker, sånn at fleire kan ta det i bruk og bidra til grøn omstilling i heile regionen, seier Misund.





