Kilde: hi.no
Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø heldt årets tale om helse og produktivitet i norske hav- og kystområde.
I talen gjorde Kvamstø opp status for havets helse og produktivitet. Årets tale var den åttande i rekka, og vart sendt direkte frå Bergens Sjøfartsmuseum. FOTO: Hi.no
Les heile Havtalen 2026 her:
Den nye normalen.
Er den nye normalen tatt? Er uttrykket brukt opp?
Eg har ikkje tenkt å spørja om lov i alle fall. Til å seia at det er ein ny normal. I havet.
Velkommen til Havtalen 2026 – den åttande i rekkja.
Det er vanskeleg å spå – spesielt om framtida.
I 2013 – toppåret – var torskebestanden på over 3,7 millionar tonn, og det blei gitt ei rekordkvote på 1 million tonn.
Og på den tida då vi skulle seia noko om framtida til torsken. Ja, då var vi ganske optimistiske. For klimaendringane – det at havet blei varmare – det ville sannsynlegvis slå positivt ut for torsken.
13 år er gått. Og vi har ein slags fasit.
Aldri før er det målt så høge temperaturar i havet.
Sjeldan har vi hatt ein så låg torskebestand.
Så noko har slått til. Andre ting ikkje. Okke som går utviklinga feil veg.
La meg ta det i tal:
Fiskeriressursane i havet er halvert. Det viser ressursoversikta som HI kom med i februar.
35 millionar tonn var størrelsen på biomassen av dei 46 viktigaste fiskebestandane i 2013.
No er talet 17 millionar tonn.
På det meste står det rett under 1 million tonn oppdrettslaks i merdane langs kysten.
Til saman har vi altså ein levande varebehaldning på rett under 18 millionar tonn fisk, grovt rekna. I eksportverdi er det snakk om 180 milliardar kroner.
Denne varebehaldninga står – eller rettare sagt svømmer – i ein nærmast perfekt temperert kjøl.
Det er formidabelt. Og det gjer oss sårbare.
For kva om termostaten ryk? Då ryk også vårt ypparste konkurransefortrinn – kalde og friske kyst- og havområde.
Systema i havet er komplekse. Klimaendringane skjer. Effektane av klimaendringane er vanskelege å føreseia.
Den nye normalen krev meir av oss. Større innsikt, meir avanserte modellar og at vi faktisk snakkar meir om usikkerheit.
Og forstå meg rett her: Vi skyv ikkje føre oss eit: «vi veit for lite» – og plussar på «vi må forska meir».
Årets havtale skal ikkje handla om alt vi ikkje veit. Poenget mitt er heller:
Å vita at vi ikkje veit – er også verdifullt. Om det blir brukt rett – og ikkje som ei sovepute. Større usikkerheit fordrar at vi opererer med større marginar. Meir om det seinare.
La meg først gå over til det vi veit. Havtalen heiter jo Havets tilstand. Og den kjenner vi – langt på veg.
Tilbake då til torsken. I 2013 var altså bestanden på topp.
Sidan har det gått bratt nedover.
I dag har torskebestanden nesten nådd eit kritisk nivå.
Det store spørsmålet er: Kva skjer med ungfisken? For den vaksne skreien ser ut til å klara seg bra. Men vi veit alle at det trengs påfyll i botn for at bestanden skal vera livskraftig over tid.
Altfor få torskeyngel lever lenge nok til å bidra inn i den fiskbare bestanden.
Temperaturauken i Barentshavet kan vera ein hovuddrivar.
Men varmen åleine forklarar ikkje dei vanskelege oppvekstvilkåra.
Mattilgangen spelar inn.
Predasjon ein annan faktor. Torsk et torsk.
Så har vi makrellen med sin grenselause appetitt. I løpet av 2010-talet utvida makrellen beiteområdet sitt, og nådde heilt nord til skreien. Her kan han ha forsynt seg friskt av torskeyngelen.
Makrellen er viktig også i seg sjølv, når vi snakkar om den nye normalen.
Bestanden er no rekna å vera 3,2 millionar tonn, mot 13 millionar tonn i 2014. Det betyr at makrellen også er farleg nære kritisk nivå.
Landa som fiskar makrell, greier ikkje bli einige om ei felles kvote. Dei legg stadig opp til eit større fiske enn det forskarane rår til.
Så også i 2026. Heldigvis har det kome inn ein god slump rekruttar, altså to år gammal makrell til gytebestanden.
Men vi kan ikkje belaga oss på tilfeldigheiter eller flaks.
Derfor må vi også snakka om fiskeria.
Fiskeri er ein del av bildet. Det forklarar ikkje rekrutteringssvikten, men fiskeria er det vi faktisk kan gjera noko med.
Å få ned fisketrykket er for eksempel det viktigaste tiltaket for å unngå at torskebestanden krympar ytterlegare.
Lågare fisketrykk oppnår vi på ulikt vis. Det kan skje ved at kvotane får ein ekstra sikkerheitsmargin, som bufrar mot usikkerheita som følgjer av klima og andre faktorar.
Så handlar det også om å fiska betre: Vi må spara småfisken. La den vera i fred til den har rekt å gyta. Til den har lært seg knepa.
For: I havet er dei gamle eldst. Av og til kan det vera bra å skjerma gubbar (av begge kjønn).
Dei har meir rogn, gyter til ulik tid og på fleire stadar. Dei veit kva dei held på med.
Desse beskrivingane av åtferd – hos ungfisk og gubbar – illustrerer eit viktig poeng. Det handlar om biologi, levande organismar. Korleis fisken responderer når omgjevnadene endrar seg så raskt – og korleis ringverknadane forplantar seg vidare. Denne utviklinga er sjeldan kronologisk etter våre begrep. Naturen gjer det på sin måte.
Det som eg har beskrive over – alt det som har endra seg i havet – har skjedd på kort tid. 13 år er ikkje lenge. Tenk tilbake. For 13 år sidan blei Erna statsminister for første gang. Hardangerbrua opna. Ylvis herja hitlistene med «The Fox». Så kva bringar dei neste 10-13 åra? Kva må vi bu oss på – allereie no?
De skjønar kor eg vil. Men eg skal seia det. Vi har det travelt.
Forvaltingsregima går raskare ut på dato – nye utfordringar dukkar opp. Vi kan ikkje kasta vekk tid med å insistera på gamle løysingar.
Forvaltinga av og politikken rundt fiskeriressursane må bli meir fleksibel.
Då er det fort gjort at vi hamnar i ein annan skvis – og blir utfordra på det som alle gode forvaltarar er og skal vera opptatt av:
forutsigbarheit
og langsiktigheit
Det er nok slik at vi alle – næring, forskarar, politikarar og forvaltarar – hadde trengt dei nye løysingane i går. Oppsida er at det finst ein kur. Så trur eg vi alle veit at kuren blir beisk. Skal den virka.
Inne på kysten er det enno travlare enn der ute i storhavet. Fjordar og kyststripa er under press frå mange sektorar – sist vi talde var det 16. Kystøkosystema er påverka av transport, avrenning frå land, oppdrett og annan industri for å gje nokre eksempel. Det er berre å nemna Oslofjorden. Oslofjorden er ikkje unik. Han er berre mest kjend. Løysingane og tiltaka vi prøver ut bør derfor ha overføringsverdi til andre kystområde.
I april kom HI for første gong med ein eigen klimarapport for oppdrettsnæringa – eit tillegg til vår årlege Risikovurdering for norsk fiskeoppdrett.
Rapporten slår fast at kjente miljøutfordringar kjem til å forsterka seg i takt med at temperaturen stig. Vi kan få meir lakselus, skadelege algar og maneter. Dette må oppdrettsnæringa i langt større grad ta inn i sine risikovurderingar.
Vi må altså alle tilpassa oss den nye normalen. Heile verktøykassen må takast i bruk.
På Havforskingsinstituttet jobbar vi derfor også med restaurering. I Porsangerfjorden gjer vi ulike forsøk. Målet er å få både den tapte tareskogen og den forsvunne torskestammen tilbake. Det er spennande forsking, som forhåpentlegvis kan koma fleire fjordar til nytte.
Men, det beste er å førebyggja slik at artane ikkje forsvinn i utgangspunktet. Det er også det billigaste. Det er nemleg slik at ein del av dei regulerande tiltaka vi foreslår går rett på botnlinja. Derav den beiske smaken eg nemnde tidlegare. Men som sagt, folkens, vi har det travelt. Berøringsangst har vi ikkje tid til.
Tiltaka vi foreslår vinn ikkje HI nokon popularitetspris. Det er heller ikkje derfor vi finst.
Som eg sa i talen min i fjor. Det er ikkje farleg om det går ei kule varmt mellom oss og næringane. Utfordr oss gjerne. Men gjer det i opent lende.
Vi på vår kant skal jobba knallhardt med å dela forsking og funn, forklara og bidra til samfunnsdebatten. Det er eit stort behov for kunnskapen vår hos fleire nivå av forvaltinga – kommunane og fylka langs kysten har mykje dei skal levera på.
Derfor blir nye tenester ekstremt viktige for HI framover.
Og i dag – etter talen lanserer vi ein av blomane i tenestebuketten: portalen Nye sjømatdata.
Så får vi straks på plass Planktonstatus. Denne tenesta kan bli eit viktig hjelpemiddel for oppdrettsnæringa dersom vi får ei ny bølge av den dødelege perlesnormaneta.
Meir er på gang. Og det er godt nytt for alle som lever av og ved havet.
Eg har snakka mykje om det som er krevjande og kanskje litt mørkt. Det kviler eit stort ansvar på oss som skal passa på havet. Det er eit ansvar som ligg på oss alle.
Men vi må aldri gløyma at først og fremst er havet og fjordane våre eit privilegium vi har – ein rikdom vi har fått. Og forvaltar vi denne skatten godt – ja då blir det rike og reine hav. Inn i evigheita.
For hugs: Sjølv evigheita begynner med eitt år om gongen.




