Kilde: Hi.no/Bente Kjøllesdal
No kan du sjekke kor mykje næringsstoff du får i deg frå sjømaten i ein heilt ny kalkulator.
Sjømatdata er komen i flunkande ny drakt og med nye funksjonar.
Under panseret, er databasen framleis bygd opp av eit eventyrleg kvelv av data – samla inn, opparbeidde og analyserte gjennom titals år med kartleggingar, oppdrag og undersøkingar.
Men innpakkinga er rykande fersk og mogelegheitene endå større enn før.
– Vi er veldig glade for å ha fått til eit produkt som vi er stolte av, og som vi trur mange kjem til å få både nytte og glede av, seier prosjektleiar Rita Hannisdal.
Havforskingsdirektøren: – Syner HI som premissleverandør
Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø gler seg over at HI kan tilby omverda endå betre tenester, tufta på ein grundig og omfattande kunnskapsproduksjon.
– Sjømatdata syner HI si rolle som premissleverandør for milliardindustrien som er norsk sjømat. Desse analysedata bidreg mellom anna til at Noreg kan eksportere sjømat, seier Kvamstø.
At databasen no har vorte meir brukarvennleg for folk flest er også ein milepåle.
– I ei tid då kosthald og kva vi faktisk får i oss når vi et middag vert stadig meir aktuelt, løfter Sjømatdata fram det daglege arbeidet HI gjer for å sikre trygg og sunn sjømat.
Her får du ei kjapp smakebit på alt du kan undersøke i Sjømatdata.
«Ingen» andre har dette
Sjømatdata let deg ta eit realt djupdykk i kva sjømaten vi et inneheld – frå feittsyrer og vitaminar til tungmetall og dioksin.
Databasen rommar over 1 million analyseresultat av næringsstoff og uønskte stoff frå over 60 000 prøver av sjømat – frå 2006 til i dag.
– Sjømatdata er unik – ikkje berre i norsk samanheng, men også internasjonalt. Det finst knapt noko tilsvarande database i verda, med data på både næringsstoff og uønskte stoff i sjømat, over 20 år, seier Hannisdal.
Ein kan fordjupe seg i enkeltartar eller enkelte produkt av sjømat, og samanlikne innhaldet i ulike artar og i ulike havområde. Ei kartløysing og ein kalkulator for næringsstoff er også på plass i den oppdaterte versjonen.




