Hopp til hovedinnhold

Nyheter

Fra ambisjoner til handling: styrking av regional sikkerhet og beredskap

oljeplattform

Publisert:

Tekst:

Under One Ocean Week samlar Vestland fylkeskommune og Nordsjøkommisjonen politisk leiing, forsvar, hamnemyndigheiter og industri til ein felles samtale om ansvar, leiarskap og samhandling i praksis.

Kilde: Vestland Fylkeskommune

– Når noko skjer til havs, merkast det raskt på land. Difor må vi styrkje samarbeidet på tvers av regionar og mellom forsvarsaktørar, politikarar, næringsliv og andre sivile og offentlege aktørar – både i vårt nærområde i Nordsjøen og i samspel med partnarar austover i Europa. Dette arrangementet under One Ocean Week er meint å bringe aktørane saman for å ta eit steg vidare på vegen frå ambisjon til konkret samarbeid i praksis, seier Helge Stormoen, Vestland sin representant i Nordsjøkommisjonen (NSC).

I ei tid prega av geopolitisk uro, auka spenning og meir samansette truslar, er tryggleik og beredskap blitt ein del av kvardagen – ikkje berre noko vi snakkar om i kriser. Spørsmålet er korleis vi går frå felles bekymring og politiske ambisjonar til konkret handling som faktisk styrkjer tryggleiken for innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar.

Program

Arrangementet startar med ein paneldebatt frå kl. 9 til 10.30,  som set rammene for dagen. Her diskuterer vi mellom anna:

  • Korleis kan vi styrkje samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå utan å bremse gjennomføring?
  • Kva krev det av politisk leiarskap å ta avgjerder i ei tid der skiljet mellom normalsituasjon og krise er mindre tydeleg?
  • Korleis kan samarbeid mellom offentlege styresmakter, kritisk infrastruktur, forsvar, hamner og leverandørar omsetjast til handling i kvardagen?

Paneldeltakarar:

foto av mann, portrett
DELTEK: Audun Lysbakken er direktør ved Vest‑Noregs Brusselkontor (VNB) og kjem til Vestlandshuset for å delta på arrangementet. Han er moderat for første paneldebatt. (Foto: Vest‑Noregs Brusselkontor)
  • Stian Davies, varaordførar i Vestland fylkeskommune
  • Elisabeth Babic, president, North Sea Commission (NSC)
  • Talvikki Jori, president, Baltic Sea Commission (BSC)
  • Espen Rasmussen, kommandør, nestkommanderande/stabsjef Marinen
  • Christian Hafstad, maritim leiar, Bergen hamn
  • Owe Hagesæther, CEO, GCE Ocean Technology
  • Solfrid Sætre Hjøllo, forskingsprofessor, Havforskingsinstituttet

Del 2:

Parallelle sesjonar frå kl. 11.00 – 15.30  – frå dialog til praktisk oppfølging.

Med utgangspunkt i innsiktene frå paneldiskusjonen går vi vidare til to parallellsesjonar:    

Politisk sesjon:

foto av mann, portrett
DELTEK: Helge Stormoen er Vestland sin representant i Nordsjøkommisjonen (NSC), og sit i tillegg i styret i organisasjonen som representant for alle dei norske regionane. (Foto: Helen Daae Frøyseth,

Sesjonen vil utforske EU sin nye Maritime Industrial Strategy og Port Strategy. Strategiane skal styrkje europeisk konkurransekraft og motstandskraft gjennom ein sterkare maritim industri, betre innovasjon og sikrare forsyningskjeder. Samtalen vil sjå på korleis maritime næringar bidreg til kritisk infrastruktur og energisystem, og korleis regionale ambisjonar i Nordsjø- og Austersjøområdet kan koplast tettare til EU sine verkemiddel. Målet er å peike ut konkrete moglegheiter for betre samarbeid og gjennomføring på tvers av nivå og regionar. Det vert mellom anna digitale innlegg frå EU-kommisjonen og representant i Europaparlamentet. 

Prosjektutvikling:

Denne sesjonen handlar om å identifisere og utvikle nye prosjektmoglegheiter for regionalt og europeisk samarbeid om beredskap og motstandskraft. Vi ser på korleis vi kan gå frå felles utfordringar til konkrete prosjekt innan tema som klimatilpasning, samfunnstryggleik, kritisk infrastruktur, energihamner, forsyningsberedskap, digital beredskap, kystutvikling og sivil beredskap. Målet er å samle aktørar på tvers av sektorar og nivå for å finne praktiske samarbeidsprosjekt som kan utviklast vidare i europeiske rammeverk og program.

Til påmelding og meir informasjon

Flere saker

UN logo with ocean background
One OceanOne Ocean Week

One Ocean Week en del av FNs havtiår

Kolasj av unge mennesker på seiltur
One Ocean Week

Vil du stå i riggen når Statsraaden kommer hjem til Bergen?

Havnen i Nice, Frankrike, mennesker står på kaien
One OceanOne Ocean ExpeditionOne Ocean Week

Havbyen Bergen markerte seg i Nice

Hold deg oppdatert med vårt nyhetsbrev

"*" obligatorisk felt

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.
keyboard_arrow_up