Hopp til hovedinnhold

Arrangementer og program

Blue-Boss-Bob kjem på besøk!

Praktisk informasjon
Språk: Norsk
Sted: Festningskaien
Type: Kultur og aktivitet, Barn og familie
Arrangør: One Ocean Week
Tid: 12.00
- 16.00
Kontaktperson
Navn: Sølvi Ones
E-post: solvi.ones@bergen.kommune.no
Den nær tre meter lange blåståla er laga av havplast samla inn langs strendene på Bømlo.

Med inspirasjon frå idéen ”Kysten – frå leikeplass til bossplass” har kunstnarane Elizabeth Roberts (USA), Jan Willy Folgerø-Holm, Martha Christensen og Janne Robberstad i samarbeid med Bømlo Kunstlag sin hardtarbeidande kunstgerilja laga ein nesten 3 meter lang blåstål, med fornamnet Blue-Boss-Bob! Han er laga av havplast samla inn langs strendene på Bømlo, festa på eit skjelett av stål. Sjølv om han er laga av søppel, er han både vakker og truverdig, og fasinerer både vaksne og born. Ungar blir begeistra når dei kjenner att strandleker, tannkostar og bruskorkar på fisken, dei vaksne blir gjerne litt ettertenksame. Fisken er laga for å skape diskusjon og bevissthet rundt forsøpling generelt, og havplast spesielt. Den fungerer ypparleg som ein inspirerande inngongsportal for opplæring om hav-helse, om livet i havet og kva ein kan gjere for å førebygge hav-forureining.

keyboard_arrow_up