5. klasse på Eidsvåg skule har vore hos FN-sambandet på Bryggen for å sette seg inn i berekraftsmåla til FN. Det var særleg målet om å stoppe klimaendringane elevane fekk bryne seg på.
Arrangementet er del av skuleprogrammet under One Ocean Week som pågår i Bergen ei veke i april kvart år. – Når vi inviterer skuleklassar til å besøke oss, viser vi dei store spørsmåla gjennom det nære, fortel Kai Grieg i FN-sambandet.
Korleis få fleire til å ete meir mat frå havet?
Johanna, Gurianna, Saga og Lerke gjekk raskt inn i oppgåva då dei skulle finne måtar å få fleire menneske til å ete meir fisk og anna sjømat på. Særleg engasjerte blei dei då dei skulle føreslå nye rettar med mat frå havet. Makrell i agurk avslo dei blankt. Men kunne fiskepizza vore noko, undra dei. Eller kva med å få fleire til å ete meir laksetaco? Det alle tre ti-elleveåringane blei samde om at heilt sikkert kunne bli godt, det var sprø og god fiskechips.
Ei sak som Saga er oppgitt over, er fiskereklamar.
– I reklamane viser dei oss heile fisken med auge, hale og skinn. Det er ekkelt! Eg synst det hadde vore betre om dei heller viste fram ferdige fiskerettar som ser gode ut, slik dei gjer i kjøtreklamar. Der viser dei aldri ein okse. Eg trur det kunne fått fleire til å ete meir fisk.

Kva for tiltak bidrar mest til å redusere utslepp?
Neste oppgåve for elevane var å rangere ei rekkje klimatiltak ut i frå kor stor effekt dei har på å redusere CO2-utslepp. Denne var ikkje lett, og fleire blei overraska over svaret. Svaret er nemleg at det er restaurering, planting og betre bruk av skogen som bidrar aller mest til å redusere utsleppa. Minst effekt har resirkulering. Rett rangering frå størst til minst effekt av tiltaka, er:
- restaurere og plante skog og bruke han betre
- solceller
- vindmøller på land og hav
- gode kjøleskap
- ikkje kaste mat
- spise mindre kjøt
- utdanning for jenter og helse
- fleire elektriske bilar
- resirkulering

Kva for pose forureinar minst?
Siste oppgåve var å finne ut kva for pose som forureinar miljøet minst: Er det fryseposen, hundeposen, bio-posen eller plastposen? For å resonnere seg fram til eit svar, fekk elevane kjenne på dei ulike plastposane.
Ikkje så overraskande var det bio-posten som gjekk av med sigeren. Bio-posen er nemleg laga av mais og andre grønsaker. Dermed er han nedbrytbar og forureinar minst.
FN-sambandet gir informasjon om FN
FN-sambandet er den leiande organisasjonen i Noreg for truverdig og faktabasert kunnskap om FN og FN sitt arbeid. Heilt sidan 1946 har FN-sambandet arbeidd for ei regelstyrt og berekraftig verd. Hovudmålgruppa deira er barn og unge. FN-sambandet i Bergen held til i Bredsgården på Bryggen. Les meir om skuleprogrammet under One Ocean Week




