Frå 18. til 24. april er det igjen klart for One Ocean Week i Bergen. H.K.H. Kronprins Haakon kjem, og Statsraad Lehmkuhl returnerer etter 12 månader til sjøs. Her er fleire sentrale tema.
Tekst: Helene Daae Frøyseth, Vestland Fylkeskommune
One Ocean Week er ein møteplass for debatt, erfaringsutveksling og opplevingar knytt til berekraftig utnytting av havet. Veka blir arrangert for fjerde gong, og mobiliserer både næringsliv, akademia, det offentlege og innbyggjarar i Bergen og Vestland. I tillegg til eit rikt fagleg innhald, blir det ei rekkje arrangement som er opne for alle.
One Ocean Week er støtta av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, og er eit samarbeid mellom One Ocean Havbyen Bergen og nesten 80 partnarar.
– Havet kjenner ingen landegrenser. Skal vi lukkast med berekraftig bruk av havet, må vi samarbeide på tvers av nasjonar, fagmiljø og næringar. One Ocean Week er ein viktig møteplass som samlar internasjonale aktørar og bidreg til å flytte oss frå prat til konkret samarbeid og handling.
Det seier fylkesordførar Jon Askeland, som også er styreleiar for One Ocean Havbyen Bergen.
200 arrangement – noko for alle
One Ocean Week er ein arena der du kan lære om tema som havnæringar, klima, politikk og ressursforvaltning, og samtidig byggje nettverk på tvers av sektorar.
Gjennom heile veka kan du vere med på meir enn 200 arrangement. Du kan velje mellom konferansar, fagmøte, opne foredrag, omvisingar og aktivitetar som passar både fagfolk og publikum.
– Vi ønskjer at One Ocean Week skal vere ein folkefest for kunnskap om havet, for innbyggjarane i Bergen og i fylket elles. Jo fleire som tek del, desto sterkare blir både engasjementet og forståinga for kor viktig havet er for framtida vår, seier Askeland.
Statsraad Lehmkuhl kjem heim 18. april
Etter 12 månader til sjøs returnerer Statsraad Lehmkuhl til Bergen som ein del av One Ocean Expedition – eit tokt som har kombinert segltrening, forsking, utdanning og internasjonalt samarbeid for å styrkje kunnskapen om havet.
18. april blir alle båteigarar inviterte til å delta i ein felles kortesje for å ønskje Statsraad Lehmkuhl velkommen heim. Heimkomsten markerer starten på One Ocean Week 2026.
Kortesjen startar ved Askøybroen klokka 10.45 og følgjer skipet inn mot byen. Kortesjen blir leidd av KNM Hitra, og Bergen brannvesen stiller sjølvsagt med «Sjøbrand». Skipet er venta å vere synleg i Vågen cirka klokka 11.30 og fortøydd klokka 12.00.
Befolkninga i Bergen blir oppmoda til å møte opp og vere med når byen tek imot sin «flytande ambassadør» for FNs havtiår.
Her kan du lese meir om innseglinga

Maritim helg på Festningskaien
Festningskaien blir forvandla til eit stort festivalområde denne laurdagen, der maritim næring, forsking og teknologi står i sentrum. Her blir det aktivitetar både ute på kaien og inne i det 166 meter lange fartøyet Trans Sol, der ein kan oppleve fleire av utstillingane.
Søndag vert Festningskaien blir fylt av store og små fartøy og det blir smaksprøvar, idrettsaktivitetar og ulike verkstadar. Dagen er lagt opp for at alle skal kunne utforske, lære og delta.
Her kan du lese meir om maritim laurdag, 18. april
Her kan du lese meir om familiedagen, søndag 19. april
Skuleprogram med over 1000 påmelde
Måndag 20. april er sett av til ungdomsskular og vidaregåande skular i regionen. Målet er å vise elevane kva utdannings- og karrieremoglegheiter som finst innan havnæringane. Over 1000 elevar er venta til arrangementet. Langs Festningskaien og om bord på fartøyet Trans Sol er det utstillingar og demonstrasjonar av teknologiske nyvinningar frå bedriftene og forskingsmiljøa i regionen. Her kan elevane bli kjende med reiarlaga i byen, lære om framtidas energiløysingar, besøkje sjømatteltet, møte sjøforsvaret, bli kjent med oppdrettsnæringa og mykje, mykje meir.
Her kan du lese meir om «Eit hav av moglegheiter», måndag 20. april
Kronprinsen kjem
Same dag deltek H.K.H. Kronprins Haakon på toppmøtet One Ocean Summit i Håkonshallen.
Då samlar nasjonale og internasjonale krefter seg i Håkonshallen for å diskutere og belyse korleis vi kan jobbe saman for det havet vi treng for den framtida vi ønsker. Dette er i tråd med FN-tiåret for havforskning for bærekraftig utvikling.
Årets hovuddtema for One Ocean Summit er «A Safe and Predicted Ocean” – eit trygt og føreseieleg hav. Temaet omhandlar to av aksjonspunkta FNhar for havtiåret vi er inne i.
Under møtet vil leiande ekspertar, avgjerdstakarar og internasjonale representantar diskutere og adressere dei presserande utfordringane som verdshava står overfor.




