Hopp til hovedinnhold

Arrangementer og program

Nordsjøen som drivkraft for det norske samfunnet

vindturbin med vestlandsnatur i bakgrunnen
Praktisk informasjon
Språk: Norsk
Sted: Olav H. Hauge, Litteraturhuset
Type: Næringsliv, forskning og politikk
Adresse: Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen
Arrangør: Universitetet i Bergen (UiB)
Tid: 08:00
- 10:00
Kontaktperson
Navn: Kristin Guldbrandsen Frøysa
E-post: kristin.froysa@uib.no
Telefon: +4748022045

*Arrangementet krever påmelding

Vi ser på utviklinga i energiproduksjon frå Nordsjøen frå 1960-talet til i dag og diskuterer framtidas energiproduksjon frå Nordsjøen.

Nordsjøen har i mange år vore sentral i europeisk energiforsyning. Det starta med olje og gass, men i dag får Europa både straum, olje og gass frå Nordsjøen.

Kva er status i dag for energiproduksjonen i Nordsjøen? Korleis ser ulike aktørar for seg utviklinga det neste tiåret? Vi spør representantar for energiselskap, leverandørindustrien, akademia og politikk kvar dei meiner vi står i dag og kor dei trur vi er om 10-20 år.

Norge er eit av landa i North Seas Energy Cooperation (NSEC).

Etter North Sea Summit 2026 i januar kom Hamburg-deklarasjonen.

Deklarasjonen From national to regional: delivering on our joint vision of the North Seas as Europe’s Clean Power Hub set mål for havvindutbygging i Nordsjøen. Den tek opp utbygging av nett (inkludert HVDC), marin arealplanlegging, finansiering, leverandørkjeder og produksjon av hydrogen.

Energisamarbeidet omkring Nordsjøen er tema for to av panelsamtalane på frukostmøtet.

08:00 Lett frukost og mingling

08:30-10:00 Seminar

Energi frå Nordsjøen – historia frå 1960-talet til i dag, Jens Hagen
Framtidas energiproduksjon i Nordsjøen

  • Havvindressursar, Etienne Cheynet, UiB
  • Samtale mellom Øistein Johannessen, Equinor; ordførar Tom Georg Indrevik (H) og Andreas Breivik Ormevik, fylkesleiar MDG Vestland

North Seas Energy Cooperation (NSEC)

  • Karina Garnes Reigstad, British Embassy Oslo
  • Marte Samuelsen Skogen, UiB

Kva betyr NSEC for Norge?

  • Erik Erdal, Aker Solutions; Linda Monsen Merkesdal, AP og Torhild Nordtveit, UiB

Frukostmøtet er arrangert av satsingsområdet Klima og energiomstilling ved UiB.
Frukostmøtet er gratis, men med påmelding

keyboard_arrow_up