Logg inn i medlemsportalen
I medlemsportalen kan du kommunisere med andre medlemmer, dele nyheter og arrangementer og finne informasjon om nettverket.
For kva skjer når eit skip brenn, har for få livbåtar og redningsvestar, grunnstøytar eller blir stoppa av krig? Kvifor kan manglande forsikring få heile verdshandelen til å stanse?
Havari, brannar, grunnstøytingar og krigssoner – når alt går gale til sjøs, får me dramatiske bilete på skjermen. Men kva skjer bak kulissane? Kven tek ansvar når skip ikkje kan segle vidare? Og kvifor kan ein “ingen vil forsikre dette”-augeblink stanse heile verdshandelen?
Denne kvelden inviterer sjøforsikringsselskapet Norwegian Hull Club alle som er nysgjerrige på havet, historiene og framtida til ein levande og underhaldande historiekveld på Statsraad Lehmkuhl Bar under One Ocean Week. De får høyre om hendingar som har sett sitt preg på historia, frå Titanic og Scandinavian Star til Helge Ingstad, sjørøvarar i Somalia, invasjonen av Ukraina og den pågåande situasjonen i Hormuzstedet, som endrar seg frå dag til dag. Samstundes løftar me blikket framover: kva for nye scenario og utfordringar ventar? Og kva kan det bety for tryggleik og risiko?
På scena møter du Åge Solberg frå Norwegian Hull Club, i samtale med kollega Aleksander Valestrand. I lag byr dei på sterke historier, tydelege forklaringar og nye perspektiv på eit hav av drama.