Logg inn i medlemsportalen
I medlemsportalen kan du kommunisere med andre medlemmer, dele nyheter og arrangementer og finne informasjon om nettverket.
Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo.
Eva Røyrane (f. 1956) voks opp i Ølve i Kvinnherad. Som journalist i Bergens Tidende frå 1987 til 2013 har ho skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har blant anna også jobba ved NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane og er i dag tilsett ved Universitetet i Bergen. Røyrane har gitt ut ei rekkje bøker om norske byggetradisjonar, blant desse salssuksessen Norges låver og Av stein.