Logg inn i medlemsportalen
I medlemsportalen kan du kommunisere med andre medlemmer, dele nyheter og arrangementer og finne informasjon om nettverket.
Kor stor effekt tiltaka har på lus i regionen, er avhengig av godt samarbeid og val av løysingar. Ved å lage ein felles masterplan i samarbeid med styresmaktene, der all produksjon for alle selskapa blir sett i samanheng, får ein eit godt grunnlag for å simulere samla effekt av tiltaka. Det gir òg betre høve til å vurdere om ein kan få produksjonsområde (PO) 4 over i grønt før ein gjer store investeringar.
Omstillinga vil vere krevjande og avhengig av fleire store prosessar samstundes. Ho inneber òg betydeleg risiko på mange fagområde.
Er vi klare for å sjå på heile Vestland og lage ein masterplan?
Rapporten frå prosjektet; «Frå raudt til grønt 2.0» er klar – Region Nordhordland
Påmelding 16. april dersom du vil ha lunsj!
Møteleiar May-Lynn Osland
| 12.00 | Lunsj |
| 12.30 | Velkomst / innleiing
Fylkesordførar Jon Askeland |
| Presentasjon av prosjektet: | |
| 12.40 | Forskingsdirektør Geir Lasse Taranger, Havforskningsinstituttet – Kva er dei viktigaste funna og konklusjonane |
| 13.10 | Professor Ragnar Tveterås, Universitetet i Stavanger – Økonomiske utfordringar og moglegheiter i høve omstillinga |
| Korleis bør vi følgje opp tilrådingane i prosjektet og tankar om ein Masterplan | |
| 13.20 | Oppdragskoordinator Ketil Skår, Veterinærinstituttet |
| 13.30 | Seniorrådgjevar Friede Andersen, Mattilsynet |
| 13.40 | Postdoktor Siv Elén Årskog Vedvik, Universitetet i Bergen |
| 13.50
14.20 |
Reaksjonar, kommentarar og diskusjon
Vegen vidare v/ Vestland fylkeskommune |
| 14.30 | Avslutting v/ Regionrådet i Nordhordland |
Bli også med på arrangementet som er i forkant av dette på same stad med fokus på arealplanlegging – Planlegging i sjø – har vi nok kunnskap? – One Ocean Week