Logg inn i medlemsportalen
I medlemsportalen kan du kommunisere med andre medlemmer, dele nyheter og arrangementer og finne informasjon om nettverket.
Stadig fleire leiarar ser at AI kan bli ein viktig del av det som skaper konkurransekraft – ved å gi rom for automatisering, innovasjon og høgare tempo.
På dette frukostmøtet tek vi utgangspunkt i Deloitte sin Tech Trends 2026-rapport, som peikar på korleis verksemder no går frå eksperimentering til reell effekt med AI, robotikk, ny infrastruktur og nye måtar å organisere teknologi på. Rapporten trekkjer mellom anna fram fem sentrale områder som vi skal få høyre meir om.
Sigurd Kirkebø frå Deloitte kjem for å gi oss innsikt i dei viktigaste teknologitrendane som er venta å prege dei neste 18 til 24 månadene.
Deretter får vi to lokale case som viser korleis utviklinga allereie treff næringslivet i Bjørnafjorden:
Samba Marin: Kva moglegheiter opnar ny teknologi til sjøs – og korleis kan dette skape nye løysingar og konkurransekraft i maritim næring? Samba Marin er eit servicebåtrederi med ein moderne flåte som leverer spesialiserte tjenester til havbruks- og offshoreindustrien.
Octaos: Noko over eitt år er gått då AI vart «nytilsette programmerarar» hos Octaos – kva har det gjort med arbeidsrutinar og produktivitet? Frå Gründerparken på Osøyro leverer Octaos den den foretrukne handelsplattformen for vinduer og dører i Norden.