Logg inn i medlemsportalen
I medlemsportalen kan du kommunisere med andre medlemmer, dele nyheter og arrangementer og finne informasjon om nettverket.
*Arrangementet krever påmelding
Norsk maritim industri er den klart største eksportnæringa i Noreg etter olje og gass, sterkt driven av leverandørar av utstyr og teknologi. Det finst få av dei store etablerte næringane i Noreg som alt er i verdsklasse og samstundes har store vekstmoglegheiter. I DNB sin rapport om framtidig konkurransekraft blir eksport av klimateknologi frå maritim industri peikt på som ei av dei store moglegheitene for Noreg.
I 2025 eksporterte maritime leverandørar av teknologi, utstyr og design for heile 164 milliardar kroner. Kor stor del av dette utgjer eksport av klimateknologi? Og korleis ser den globale marknaden for klimateknologi i skipsfarten ut?
På oppdrag frå Innovasjon Noreg har Maritime CleanTech kartlagt den norske eksporten av klimateknologi frå maritim industri, og estimert den globale marknaden for maritim klimateknologi i samarbeid med Menon Economics.
Dette er aller første gong dette er gjort, og resultata er svært interessante. Korleis vil dette påverke regjeringa sitt arbeid med ein ny maritim strategi?
Du høyrer mellom anna frå:
Sted: Kantina på Media City Bergen
The event is supported by Agenda Vestlandet.