Logg inn i medlemsportalen
I medlemsportalen kan du kommunisere med andre medlemmer, dele nyheter og arrangementer og finne informasjon om nettverket.
Med inspirasjon frå idéen ”Kysten – frå leikeplass til bossplass” har kunstnarane Elizabeth Roberts (USA), Jan Willy Folgerø-Holm, Martha Christensen og Janne Robberstad i samarbeid med Bømlo Kunstlag sin hardtarbeidande kunstgerilja laga ein nesten 3 meter lang blåstål, med fornamnet Blue-Boss-Bob! Han er laga av havplast samla inn langs strendene på Bømlo, festa på eit skjelett av stål. Sjølv om han er laga av søppel, er han både vakker og truverdig, og fasinerer både vaksne og born. Ungar blir begeistra når dei kjenner att strandleker, tannkostar og bruskorkar på fisken, dei vaksne blir gjerne litt ettertenksame. Fisken er laga for å skape diskusjon og bevissthet rundt forsøpling generelt, og havplast spesielt. Den fungerer ypparleg som ein inspirerande inngongsportal for opplæring om hav-helse, om livet i havet og kva ein kan gjere for å førebygge hav-forureining.